Møte og befaring Hesselberg, Ringerike kommune i Buskerud

Hovedbygningen på Hesselberg
Hovedbygningen på Hesselberg
Buskerud fylkekommune og Kulturminnefondet gjennomførde 1 juli befaring på Hesselberg gard. Hovedbygningen på garden er freda og eigaren, Anette Hafnor, søkte om tilskott våren 2011. Søknaden vart avslått, men styrt for fondet ynskt at saka skal fremjast for ny handsaming seinare. Under befaringen vart heile bygningen framvist. Skadar og tiltak vart vurdert. Fredningen omfattar både eksteriør og interiør, noko som gjer at handsaming av skadar må vurderast nøye. Bygningen er stort sett i god forfatting, men ein tidlegare taklekkasje har ført til skadar særleg i tømmerkasse. Dei målte flatene innvendig er òg noko beskadiget. 

Garden, som forresten består av sidebygning og fleire uthusbygninger, er i drift som landbrukseiendom. Under befaringen deltok Jørn Jensen frå Buskerud fylkeskommune, eigaren Anette Hafnor og Einar Engen frå Kulturminnefondet. 

Einar Engen

Publisert: 01.07.2011