| |
Tisdag i tredje veka av februar startar Rørosmartnan. Dagen vart ein fin dag med bra martnansver. Klokka 12 var Malmplassen om mogeleg enno meir tettpakka med folk enn tidligare, feststemde og blide folk. Mye fin musikk og framføring av lokale krefter. Ordførar Hans Vintervold kom med lasskjørarhest og helt velkomsttale. Den nye riksantikvar Jørn Holme helt opningststala og snakka om historie, restaurering av kjerka og sommaren som kan gje eit utvida verdsarvområde knytta til kopparverket sin gamle circumferens. Det verka som godord falt i god jord! Opning vart som tidligare avslutta med inntoget av 85 hestar med lasskjørarar og deira varer frå den gamle tida. Eit strålande syn! Ei sterk uppleving! Den 157.martnan er opna for resten av veka.
I martnan kjem det mykje folk til Røros, og Kulturminnefondet får fleire som stikk innom på vitjing. I år fekk vi ein ordre frå byantikvar Siri Myrvoll om å ta vel imot ei gruppe fra vestlandsbyen. Det vart ei triveleg og nyttig kontakt med tre fra Byantikvaren, ei fra plansia i kommunen og fylkeskonservatoren i Hordaland.
Jon Suul
|
|